Musikkaspirant
Med Bergsøy skulekorps får ein mogelegheit til å starte med musikkarusell i skulen som 2. klassing. Opptak av aspirantar skjer frå same året.
Som musikkspirant vil ein få lære å spele etter notar med det same. Om det er mange nok aspirantar, vil vi allereie fyrste hausten starte eit eige aspirantkorps, der aspirantane får trening i å spele og opptre i lag.
Andre året rykker alle aspirantane opp i det vi kallar juniorkorps. Her spelar ein ilag med flerie av dei yngste musikantane i korpset. Etter eitt år i juniorkorps, starter inntrening til hovudkorpset.
Sjå Instrument presentasjonen for meir informasjon om instrumenta ein kan velje i
Progresjonen er då slik:
- året: August – desember: Instrumentalundervisning med lærar ein gong per veke. Frå Januar –juni: Instrumentalundervisning ein gong per veke + Aspirantkorps ein gong per veke.
- året: Instrumentalundervisning ein gong per veke + juniorkorp ein gong per veke.
- året: Hovud korps ein gong per veke + gruppe øving ein gong per veke.
Drillaspirant
Om ein skulle ha meir lyst til å starte i drille, er det òg fullt mogeleg. I drillen kan ein starte frå du startar i 2. klasse.
Som drill aspirant vil ein lære å marsjere og drille, frå starten av. Om det er nok aspirantar, vil vi allereie fyrste hausten starte eit eige aspiranttropp, der aspirantane får trening i å opptre i lag. Andre året rykker alle aspirantane opp i det vi kallar juniordrill. Her drillar ein ilag med flerie av dei yngste drillarane i troppa. Etter eitt år i juniordrill, starter inntrening til hovuddrillen.
Etter eit halvt år i junior drillen, vil vi prøve å få til eit opplegg, der ein også kan velge å delta i sports drill, og / eller drill dans. Dette er ikkje heilt på plass enda, men noko vi jobbar med å få til.
Sjå Drill presentasjonen for meir informasjon om drilltypene
Progresjonen er då slik:
- året: Aspirant drill, korpsdrill, ein gong for veka
- året: Juniordrill, korpsdrill, ein gong for veka, med muligheit for å i tillegg prøve seg i drilldans* eller sportsdrill*, ein gong for veke. (Frå andre halvår)
- året: Hovuddrill. korpsdrill, ein gong for veka, med muligheit for å i tillegg prøve seg i drilldans* eller sportsdrill*, ein gong for veke.
*Drilldans og sportsdrill er ikkje ein bestemt enda, men er noko vi jobbar med og prøvar å få til. Her gjeld derfor ein del forbehald om oppstart.