Bergsøy skulekorps treng di stemme!
Klikk på biletet for å kome til krafttaket.no og gi di stemme til Bergsøy Skulekorps!
Den gode gjerninga
Musikk-workshop for borna i dei 5 barnehagane på Bergsøya. Borna får sjå og høyre dei ulike gruppene i korpset opptre. Dei vil også under rettleiing frå medlemmane i korpset få prøve å lage musikk med ulike instrument og bevege seg til musikken.
Ønskjer støtte til
Korpset ønskjer å bruke delar av premien til nye instrument, og delar av premien til eit prosjekt korpset har med ein gratis musikktime for 1. klasse i SFO på Bergsøy skule, Blåhaugen.
Desse deltek
14 born og 6 vaksne i hovudkorpset, 16 born i juniorkorpset, 8 korpsaspirantar, 8 born i hovuddrillen og 6 drillaspirantar.
Kvifor spele i korps
Barn som speler, vert stolte barn!
5 gode grunner til å vere med i korps
- Barn vert i godt humør av å spele musikk. Musikk gir glede!
- Barn får betre sjølvtillit av å meistre eit instrument.
- Barnet trimmer hjernen og vert flinkare på skulen.
- Barnet får oppleve flotte konsertar og spanande turar saman med andre.
- Barnet får vener i alle alderar og ein hobby for livet.