Korpshandboka for Bergsøy skulekorps 2016-2017
FØREORD
Å spele i korps er ein flott hobby ein kan ha glede av heile livet. I skulekorpset lærer ein å spele eit instrument i samspel med andre og på tvers av aldersgrupper. Musikantane vert ein del av eit sosialt og musikalsk fellesskap, der alle er like viktige. I korps har vi ingen «reservebenk». Ein får spele den stemma som passar ein best, ein får utvikle seg på instrumentet sitt, får moglegheit til å opptre på konsertar, delta på ulike seminar og/eller kurs og reise på turer saman med korpsvenner.
Føremålet med denne korpshandboka er å gi føresette og musikantane nyttig informasjon om drift, aktivitetar og forventningar til det å vere med i Bergsøy skulekorps. Informasjonen i korpshandboka byggjer på korpset sine vedtekter. Vedtektene ligg på nettsida.
SKULEKORPSET SI HISTORIE
Bergsøy skulekorps vart stifta 26. februar 1957, under navnet Bergsøy guttemusikkorps. Ved korpsets første opptak var det xx gutter i alderen 9-13 år, og fleire kom til senere. I 1963 vart det gjort vedtektsendringar som gjorde at jenter òg kunne begynne i korpset. Korpset var no Bergsøy skulekorps. Det tok nokon år før jentene inntok i korpset, men på 70 tallet var det god rekruttering av nye medlemmar. Høsten 1970 ble 30 elever tatt opp på notekurs. At musikantene gjekk rett frå notekurset til hovedkorpset, førte til store nivåulikskapar i korpset. Korpset vart derfor organisert i tre sjølvstendige delar: Notekurs, aspirantkorps og hovedkorps. I dag er korpset framleis organisert i tre deler, men ein har ikkje lenger eit eige notekurs. Nybegynnerane startar i aspirantkorpset og lærer noter og instrument samtidig. Deretter etter første året begynner dei i juniorkorpset for så etter 2 år å begynne i hovudkorpset.
Litt om kor mange medlemmar korpset hadde på det meste. Litt om plassering i konkurransar mm.
Bergsøy skulekorps skal feire sitt 60-årsjubileum i 2017.
Bergsøy skulekorps er eit korps i stadig utvikling, og det vert arbeida seriøst for å gi et godt tilbod til medlemmane. I tillegg til at korpset jamt og trutt arbeider med rekruttering av unge musikantar gjennom tilbod i skulen som til dømes «korps i skulen» og «Ein musikktime i SFO».
OM MEDLEMSKAPET I BERGSØY SKULEKORPS
Innmelding
Ved innmelding vert medlemmane registrert i medlemsregisteret hos Norges Musikkorps Forbund (NMF). Musikantene vert òg meldt inn i Herøy kulturskule, under den føresetnad at kulturskulen gir tilbod om instrumentalundervisning i det aktuelle instrumentet. Ved innmelding får kvart medlem instrument, ein svart «Bergsøy skulekorps-perm» til notar og ein sekk frå NMF. Sekken er korpsmedlemmen sin.
Kvar haust er det aspirantopptak der det vert teke opp nye medlemmar frå 3.trinn og oppover. I 2. klasse har elevane korps i skulen, der dei får velje eit korpsinstrument. Dei vert deretter dele inn i grupper og dei får undervisning i blåseteknikk og notelære på det gitte instrumentet med kulturskulelærar. I Bergsøy skulekorps rekrutterer vi born frå Bergsøy skule, Blåhaugen og Borga. Aspirantene får tildelt instrument og startar opplæring rett på instrument og notelære. Det er felles øving annan kvar veke for aspirantkorpset tillegg til speletimen gjennom kulturskulen. Aspirantkorpset øver på Blåhaugen. Aspiranttida varer eitt år.
Musikantene går over i juniorkorpset etter eitt år som aspirant. Ein speler normalt 2 år i juniorkorpset. Juniorkorpset øver på Herøy kulturhus torsdagar frå kl 15.50-16.45 Etter 2 år i juniorkorpset går musikantene over til hovedkorpset. Her kan ein vere medlem t.o.m. det året ein fyller 19 år. Hovedkorpset øver på Herøy kulturhus frå kl 17.00-19.00. Ein møter opp 16.50 for å gjere klart notestativ og instrument.
Utmelding
Utmelding i høve vedtektene er fylgjande:
Medlemmar som ynskjer å melde seg ut må gi skrifteleg melding om dette innen første øving på haustsemesteret, eller seinast 25. august til styreleiar/korpsleiar. Utmelde medlemmar må betale kontingent for det semesteret ein er inne i.
Ved eventuell utmelding frå skulekorpset, blir medlemmet automatisk utmeldt frå kulturskulen.
Dei som slutter i laupet av året (etter 25. august) må betale kontingent begge semestra. Unntaket er aspirantar som får ein «prøveperiode» for å finne ut om korps er rette aktivitet for dei. Utmelding skal skje skriftleg og gjerne på epost til styreleiar eller til korpsleiar.
Grunnen til strenge reglar om utmelding og betaling av kontingent, er utgifter skulekorpset har i høve dirigent, kulturskulen, registrering i Norges Musikkorps Forbund og forsikring av instrumenta.
Utmelding vert ikkje rekna som gjeldande før alt korpsutstyr er levert inn. Innlevering av instrument, uniform og annet tilbehør skal avtalast med instrument-, og uniformsansvarleg.
Fylgjande utstyr skal leverast inn ved utmelding:
– evt. t-skjorte
– Lue
– Uniformjakke
– Uniformbukse
– Collegegenser
– Slips
– Regnfrakk
– Instrument
– Evt. Bærebøyle/ Ergobrass-stativ
– Evt. notestativ
– Noteveske
– Noteperm
MUSIKALSKE AKTIVITETAR
Skulekorpset fylgjer skuleruta for Herøy. Det tyder at korpset har same fridagar og feriar o.l. som skulen.
Individuell opplæring
Alle medlemmar vil ved innmelding i korpset automatisk verte innmeldt i Herøy kulturskule, om ikkje anna er avtalt. Det vil seie at medlemmane får individuell opplæring på instrumentet/evt. undervisning i mindre grupper og betalar kulturskulen for opplæring. Kontingent til korpset betalar ein etter at ein begynner å spele i korpset som juniormusikant.
Speletimen i kulturskulen vert avtalt mellom instruktør og føresette. Gi beskjed til instruktør om fråvær o.l. Dersom det er noko som ikkje fungerer i høve speletimane/kulturskulen vil vi gjerne ha tilbakemelding om dette (gjerne ros òg!). Kulturskulen arrangerer eigne huskonsertar (fredagskonsertar) og andre typar konsertar og medlemmane kan verte spurt om å delta på nokon av desse. Konsertane er meint å vere utviklande og rammene skal vere slik at det blir ei god oppleving for borna/musikantane og vaksne (foreldre/føresette/besteforeldre/andre). Speletimane skjer i tilknyting til skuletida. Føresette må gjerne vere med på ein speletime. Det er òg fint om de hjelper barnet med øving heime. Støtt og oppmuntr musikanten til å øve, helst kvar dag. Gi beskjed til korpsleiar dersom noko er uklart i forhold til kulturskulen.
Kulturskulen har dessverre ikkje tilbod om undervisning på alle instrument. Korpset har derfor eigen instruktør på slagverk. Korpset har for tida instruktørar på fløyte, klarinett, saksofon, trompet/kornett, valthorn, euphonium, trombone og tuba.
Fellesøving
Kvar torsdag er det felles øving for junior og hovudkorps. Juniorkorpset øver frå 15.50-16.45. Hovudkorps øver frå 17.00-19.00. Juniorkorpset står av aspirantar som har spele i eitt år i aspirantkorps og har hatt eitt år opplæring med lærar. Ein skal vere speleklar til fellesøvinga startar. Møt opp 10-15 min før og pakk ut instrumentet ditt, set fram stol og notestativ, notar evt. anna utstyr som du treng. Øvinga startar presis!
Heimeøving
Skal det verte kjekt å gå på fellesøvingar, må det litt øving til. Det er lite som skal til for at du vert flinkare på instrumentet ditt. Musikantane bør øve mellom kvar øving, helst ein halvtime om dagen. Heimeøvinga bør innhalde skalaøvingar, øving med lange tonar i ulik styrkegrad, intervalltrening mm. Ein treng ikkje nødvendigvis om å berre spele musikk frå fellesøvingane. Ein kan øve på musikk frå individuell speletime eller spele til notar med CD (det fins mykje å få kjøpt/låne). Mange synes det er kjekt å øve med ein CD som ”komp”. Ha instrumentet lett tilgjengeleg, for eksempel utpakka og ferdig montert på ein trygg plass. Støtt musikanten i vanskelege periodar – når en kneik skal overvinnast. Gi ros og oppmuntring.
Vi treng alle saman både på øvingar og konsertar. Korpset er et lagspel som ikkje vil fungere like godt dersom eit instrument uteblir.
Øvingshelg
Det vert arrangert øvingshelg for juniorkorps- og hovudkorpsmusikantane med både gruppeøvingar og samspel. Desse øvingshelgane held til anten på Herøy kulturhus/scena eller som ein helgetur ein annan stad.
Fråvær og permisjon frå øvingar
Det er viktig at alle som ikkje kan møte på fellesøvingar melder frå til dirigent snarast mogleg. Telefonnummer til dirigenten og elles andre styremedlemmar og instruktørar finn du på nettsida.
Fråvær frå individuelle speletimar må meldast frå direkte til spelelærer. Melding om avlyst speletime skal meldast frå til korpsleiar. Dersom ein vert vekke frå øvingar over eit lengre tidsrom, må ein søke permisjon per e-post/brev til korpset sin styreleiar, og søknaden vert vidare behandla i styret.
Konsertar
Korpset har eigne musikkafèar som vert arrangert èin til to gongar i året. Her er familie/korpsvenner invitert til en hyggeleg musikalsk kveld med servering, loddsal, kake og kaffe og der medlemmane får anledning til å opptre og gi inspirasjon til kvarandre. Kulturskulen arrangerer òg eigne huskonsertar (fredagskonsertar) og andre konsertar. Musikantar som skal vere med på desse får informasjon om dette gjennom kulturskulen/ spelelæraren sin. Korpset sin aktivitetsplan gjennom året er å finne på nettsida.
Konsertar og speleoppdrag i laupet av korpsåret:
• Marsjering/speling i sentrum av Fosnavåg
• Hovudkorpset saman med juniorkorps og drill har musikkafè/basar på hausten. Nye aspirantar er med her.
• Hovudkorpset deltek på julegrantenning i Fosnavåg sentrum.
• Julekonsert i Herøy kyrkje.
• Speling ved julegudsteneste i Herøy kyrkje julafta.
• Kulturskuleshow
• 17.mai-speling.
• Sommaravslutning/stemne
I tillegg vil det vere andre musikalske opptredenar ved andre anledningar f. eks speleoppdrag, korpsidol, konkurransar, invitasjonar frå andre korps og orkester i regionen osv.
SOSIALE AKTIVITETAR
Pause på vanlege korpsøvingar
Vi har som mål at alle i korpset skal trivast i korpset både musikalsk og sosialt. Vaktansvarleg, sjå punkt 6 nedenfor, ser til at alle har nokon å vere saman med i pausa og at alle har det bra. Det er dirigent som bestem når pausa skal begynne. Den varer normalt i 15 min og tek til normalt kl 18.00.
Siste øvinga før juleferien
Siste øvinga før juleferien har vi servering av pizza og litt godteri, etter at vi har øvd fram til omlag kl 18.00. Det er arrangementskomiteen som er ansvarlig for dette tiltaket. Foreldre/føresette er hjarteleg velkomen til å vere med på avslutningsøvingane våra. Korpset brukar òg å opptre med eit par-tre julesongar denne øvinga.
Korpstur/seminar
Kvar år reiser drilltroppa på drillexplosion til Ålesund. Tussatreff har siste åra vorte arrangert i Ørsta og er for alle korps i nærområdet. Her møtast korps i hovudsak skulekorps, og speler musikk i lag og held på med aktivitetar. Herøy treff er for alle korpsa i Herøy kommune. Her møtast nabokorpsa til felles aktivitetar, mat og speleglede. Stemne rundt om i Noreg eller i utlandet. Ofte reiser korpset på stemne innanfor Noregs grenser. Her møtast korps i frå heile Norge.
Andre sosiale aktivitetar
Kvar vinter, i februar arrangerer korpset sosial tur til Bjorli for alle korpsmedlemmar, aspirantar og drill. Dette er ei helg utan instrument, der vi har fokus på aktivitetar saman med korpsmedlemmane våra. Vi står på ski, et mykje god mat, griller og kosar oss i lag med brettspel mm. Vi reiser med felles buss. Andre sosiale aktivitetar er filmkveld. Til dømes når vi øver på filmmusikk er det viktig for musikantane våre å verte kjend med rollefigurane i filmen som musikken er laga for.
Føresette sin medverknad
Bergsøy skulekorps er eit foreldredrive korps. Foreldre bidreg på ulike måter gjennom dugnad, tillits- og styreverv, vakt på fellesøvingar og generelt gjennom å støtte opp under korpsverksemda gjennom å stille opp som turleiar, konsertcrew mm. Kan du spele eit korpsinstrument, er det flott om du innimellom kan hjelpe på øvingar/seminarer og spele sammen med musikantane i til dømes juniorkorpset.
VAKT UNDER ØVINGANE
Vi ynskjer at ein vaksen person, i tillegg til dirigenten skal vere til stades ved øvingane. Det er derfor laga ei vaktordning for junior- og hovudkorpset. Føresette vert sett opp på vaktliste. Listene med oversikt over kven som skal møte når, finn du på nettsida.
Oppgåver for vaktansvarleg:
• Vakt for juniorkorps skal hjelpe til å setje ut stolar notestativ og slagverksutstyr og hjelpe til å rydde rydde etter øvinga.
• Vakt for hovudkorps skal ikkje hjelpe til å setje ut stolar og notestativ, men vaktansvarleg må sjå til at det er gjort ferdig til øvingsstart kl. 17.00.
• Vaktansvarleg skal passe på at uvedkomande ikkje kjem inn i øvingslokalet under øvinga
• Hjelpe dirigenten, om det skulle vere noko
• Hjelpe musikantane som treng praktisk hjelp, notehjelp
• Ha oppsyn under pausa, slik at alle borna har det bra
• Har du notekompetanse er det fint om du hjelper dei som treng det, gjerne i juniorkorpset
• Dersom du speler eit instrument sjølv, kan du spørje dirigent om dei treng deg som medhjelpar
• Sjå til at dørene er stengt og øvingslokalet er rydda etter øvinga
• Vaktmeister ved kulturhuset låser øvingslokalet etter oss
DUGNADAR OG INNTENING AV MIDLAR
Som dei fleste andre aktivitetar for born og unge, må alle foreldre/føresette rekne med å delta på aktivitetar/dugnadar som gir penger i korpskassa.
Andre inntektskjelder
Bergsøy skulekorps har tradisjonelt to loddsal per korpsår, eitt på hausten og eitt på våren. Til jul sel korpset julekalenderar. Korpset har òg tre viktige sponsorar: Max Spill, Tussa og Sea Frozen.
ØKONOMI
Den største utgiftsposten korpset har, er lønn av dirigent. I tillegg kjem kontingent til kulturskolen, NMF, turer og seminarer, utgifter til innkjøp, vedlikehald og forsikring av instrumenter og uniformer.
Kalendersalet er den viktigaste inntektskjelda..? I tillegg kjem offentlege kulturmidlar, sponsing frå det private næringslivet og medlemsavgift.
To ganger i året sender kasserer ut giro for innbetaling av medlemsavgift. Kontingentens størrelse fastsettes av årsmøtet. For skoleåret 2016-2017 er kontingenten kr. 600,- for haustsemesteret og kr.
600,- på vårsemesteret. Syskenrabatt er kr 1000,-. Ved seminarer/turer må ein rekne med eigenandel.
Ved ulike innbetalinger til korpset (medlemskontingent etc.): hugs å merke kva/kven innbetalinga gjelder, altså til dømes: «loddsal og navn på musikanten».
ORGANISASJONEN
Styret
Styret i Bergsøy skulekorps står for tida av fylgjande verv:
• Leiar
• Nestleiar
• Korpssjef
• Sekretær
• Kasserar
• Uniformsansvarleg
• Leder arrangementskomité
• Varamedlemmer 2 stk.
Styret skal fylgje vedtektene og har ansvar for korpsets daglege drift. Hovedoppgåvene til styret er arbeidsgiveransvar for dirigenter og instruktører, planlegging og leiing av korpset si verksemd, slik som organisasjonens økonomi, musikalske og sosiale aktiviteter, rekruttering, dugnader, ha årsmøte mm.
Øvrige komitéer og utvalg
Årsmøtet og styret kan oppnevne ulike komitéer etter behov. Hensikten med komitéene er at de skal avlaste styret i enkelte prosjekter eller arbeidsoppgaver. Noen ganger kan det være hensiktsmessig om styremedlemmer sitter i enkelte komitéer. For at komitéene skal fungere er det viktig at alle
deltek og er medverkande. Komitéene rapporterer til styret om planer, framdrift og resultater. For tiden har vi følgende komitéer:
• Arrangementskomité, 3 medlemmer
• Materialforvalterkomité, 3 medlemmer (instrumentansvarleg, uniformsansvarleg og noteansvarleg)
• Tillitsvalgte korpsmedlemmer, 2 medlemmar
• Valkomité, 3 medlemmer
Arrangementskomiteen
Arrangementskomitéen står av tre personer som velges for 2 år om gangen, hvorav en er leder. Komitéen er ansvarlig for Vang skolekorps indre og sosiale liv og organiserer og tilrettelegger de sosiale tilbudene i korpset. Oppgavene fordeles internt i komitéen. Ved større arrangement er det viktig at flere enn arrangementskomitéen deltar i forberedelser og gjennomføring. Foreldre må påregne å bli forespurt.
Materialforvalterkomiteen
Materialforvalterkomité består av tre medlemmer hvorav en er leder og instrumentansvarlig, en er uniformsansvarlig og en er noteforvalter. Medlemmene velges for 2 år om gangen.
Tillitsvalte musikanter
Ved starten av haustsemesteret vel ein to representantar fra hovudkorpset til korpset sine tillitsvalte. Det skal veljast ein av kvart kjønn mellom medlemmaner i ungdomskulealder eller eldre. Interesserte til vervet melder seg, og det vert gjort skrifteleg val mellom desse av hovedkorpset sine medlemmer. Tillitsvalte skal arbeide for godt samarbeid mellom korpset sine medlemmar, dirigent og styre og har uttalerett om saker som blir lagt fram frå styret, og videreformidler saker/ideer /forslag fra medmusikanter til styret.
UNIFORM, INSTRUMENT OG NOTAR
Uniform
Uniformen er korpset sin eigedom, og kvar uniform kostar ca. 4500 kr. Uniformsleiga inngår i dag i kontingenten. Musikanten/føresette pliktar å ta godt vare på den, holde den rein, passe på at den er komplett og i god stand ved tilbakelevering. Uniformen er eit festantrekk og skal behandlast/berast med respekt. Uniformen skal ikkje vaskast i maskin, men rensast.
Hugs å prøve uniformen din/sko i god tid før ein opptreden for å sjå om du har vokse ut av den og evt. trenger større uniform. Ta i så fall kontakt med uniformansvarleg. Uniformslua brukar vi kun utandørs. Ved innlevering av uniformen skal renselapp/pose sitte på. Blå korpsgenser/T-skjorte vert utlevert same dag som den skal brukast og skal leverast tilbake same dagen til uniformansvarleg. Hugs å få registrert inn/utlevering hos uniformansvarleg!
I dei tilfella det er nødvendig å legge opp eller sy inn bukser, er det ikkje lov å klippe av overflødig stoff. Buksa skal ”stå” på skoa. Unngå for lange bukser – det lager hull og øydelegg uniformen.
Aspirantkorps: Uniformen står av marineblå korpsgensar, blå uniformsbukse, båtlue og blått slips. I tillegg kjøper ein sjølv kvit skjorte, svarte lestar/sokkar og svarte uniformssko (ikkje joggesko).
Juniorkorps: Uniformen står av jakke m/kvit snor, bukse, korpslue og slips. Kvit veske med regnfrakk og kvite hansker vert brukt ved marsjering. I tillegg kjøper ein sjølv kvit skjorte, svarte lestar/sokker og svarte uniformssko (ikkje joggesko). Evt. vert det brukt blå korpsgensar / t-skjorte når ein gir beskjed om det.
Hovudkorps: Uniformen står av jakke m/kvit snor, bukse, korpslue og slips. Kvit veske med regnfrakk, og kvite hansker vert brukt ved marsjering. Regnfrakk kun ved regnêr. I tillegg kjøper ein kvit skjorte, svarte lestar/sokker og svarte uniformssko (ikkje joggesko). Evt. vert det brukt blå korpsgenser / t-skjorte når ein gir beskjed om det.
Drill: Uniformen står av kvit heil kjole med blå kappe, kvite støvlettar og kvit hatt med dusk. Regnfrakk og kvite hansker vert brukt ved marsjering. Regnfrakk kun ved regnvêr. I tillegg kjøper ein sjølv brun strømpebukse. Evt. vert det brukt blå korpsgensar / t-skjorte og svart bukse når ein gir beskjed om det. Det kan òg verte brukt anna kostyme til show o.l.
Notar
Du får utdelt eiga mappe med plastinnlegg til å oppbevare notane dine i. I tillegg til ei marsjmappe og av og til julehefter eller andre små hefter. Ta godt vare på desse, og hold orden i notemappa di. Sei straks ifrå til noteansvarleg, evt. dirigent dersom du manglar notar. Notemappe, marsjmappe, julehefter og andre originale notehefter, evt. notar (originalar) skal leverast inn til noteansvarleg.
Instrument og drillsatvar
Korpset låner ut nødvendige instrument/drillstavar til medlemmane sine. Korpset sine instrument/drillstavar er forsikra gjennom NMF. Musikantar som bruker eige instrument i korpset sin regi vert òg forsikra. Fliser, ventilolje, bøylefett, pussekluter, stativ, muter, støtteseler/ergobrass-stativ til store instrument vert dekt av korpset. Evt anna forbruksmateriell kjøper den einskilde sjølv.
Dersom alle tek godt vare på instrumentet sitt, kan korpset spare mykje pengar. Sei ifrå med ein gong dersom instrumentet vert skada eller på annan måte ikkje fungerer tilfredsstillande. Ver nøye når du legg instrumentet i kofferten/etuiet sitt slik at alle delane ligg rett. Har du problem med instrumentet ditt, ta kontakt med dirigent/instrumentansvarleg. Du kan skade instrumentet utan nødvendig spesialverktøy og kompetanse. Er du i tvil, spør om hjelp!
STELL AV INSTRUMENT
Instrumentet ditt må du vere forsiktig med. Det har ventiler og rør eller klaffer som er sårbare for hardhendt behandling.
Fløyte: Legg alltid frå deg fløyta med klaffane opp eller bruk stativ. Tørk gjennom fløyta etter at du har spele.
Fest ein mjuk klut, til dømes eit lommetørkle til pussepinnen og tørk kvar del for seg før du legg dei tilbake i kassa si. Tørk gjerne over klaffane òg slik at fløyta held seg blank og fin. For å hindre at fløyta vert tung å setje saman og ta frå kvarandre bør du tørke godt over ledda, både utanpå og inni. Skyll aldri fløyta i vatn, det tåler ikkje klaffane. Men, du kan skylle berre munnstykket i passeleg varmt vatn og vaske det.
Klarinett: Legg alltid frå deg klarinetten med klaffane opp eller bruk stativ. Ha på dekselet på munnstykket når du ikkje speler på instrumentet og skal berre ha ei kort pause. Dekselet beskytter flisa. Tørk gjennom klarinetten etter at du har spele. Fest ein mjuk klut, til dømes eit lommetørkle til pussepinnen og tørk kvar del for seg før du legg dei tilbake i kassa si. Tørk gjerne over klaffane òg slik at klarinetten held seg blank og fin. For å hindre at klarinetten vert tung å setje saman og ta frå kvarandre bør du smøre godt over ledda av kork, med korkfett. Skyll aldri klarinetten i vatn, det tåler ikkje klaffane. Men, du kan skylle og vaske munnstykket i passeleg varmt vatn med litt mild såpe og gnike med veslefingeren både inni og utanpå for å ta vekk smuss. Tørk gjennom putene med sigarettpapir. Bruk regntrekk ved dårleg vêr.
Saksofon: Legg alltid frå deg saksofonen i kofferten sin, når du er ferdig å øve. Ha på dekselet på munnstykket når du ikkje speler på instrumentet og skal berre ha ei kort pause. Dekselet beskytter flisa. Tørk gjennom saksofonen etter at du har spele. Fest ein mjuk klut, til dømes eit lommetørkle til pussepinnen og tørk kvar del for seg før du legg dei tilbake i kassa si. Tørk gjerne over klaffane òg slik at saksofonen held seg blank og fin. For å hindre at saksofonen vert tung å setje saman og ta frå kvarandre bør du smøre godt over ledda av kork, med korkfett. Du kan skylle og vaske munnstykket i passeleg varmt vatn med litt mild såpe og gnike med veslefingeren både inni og utanpå for å ta vekk smuss.
Trompet/Kornett/Euphonium/Tuba: Legg alltid messinginstrumentet frå deg i kofferten eller på stativet sitt. Ein liten kakk kan gjere instrumentet i ustand. Større instrument som tuba og eller euphonium kan setjast med klokkestykket ned, men det vert anbefalt å bruke stativ til desse instrumenta slik at ein ikkje skraper opp kanten på klokkestykket. Munnstykket bør skyllast ofte og gjerne vaskast med mild såpe og skurekost slik at ein får vekk smuss og rusk inni munnstykke-røret. Ventilane går lettare med nokon dråper olje. Smør minimum èin gong i veka. Opn ein ventil i gongen og ha på olje. Ventiler med nummer skal skruast på ved at nummeret peiker fram mot munnstykket. Skru forsiktig rundt på ventilen og vent til du høyrer eit «klikk», då vil ventilen felle fint på plass og det er berre å skru den fast. Pass på at du følgjer spora til gjengane. Skru forsiktig på plass ventilen. Bøylane skal smørast med bøylefett (grease). Set forsiktig inn bøylane.
Vask av trompet, kornett, euphonium og eller tuba: Plukk i frå kvarandre alle delane til instrumentet. Ventilane har ofte nummerering, men ventilar utan nummerering er lurt å leggje i rekkjefølgje (1. ventil er den som ligg nærmast munnstykket, deretter kjem 2. ventil og 3. ventil nærmast klokkestykket) på eit handkle etter at du har vaska og skylt dei. Bøylane er i ulik størrelse og passar ikkje andre stadar enn på sin utvalte plass. Bruk skurekostar berekna for det instrumentet du skal vaske. Dette er å få kjøpt på musikkforretning. Spør korpset om dei har til utlån. Store instrument må leggast i badekar med passeleg varmt såpevatn. Legg eit handkle i botnen eller ei matte slik at instrumentet ligg mjukt. Bruk mild såpe. Ikkje bruk zalo. Zalo og for varmt vatn øydelegg lakken. La delane og heile instrumentet ligge i ein liten halvtime. Skur med skurekost og skyll godt alle delane som du deretter legg på eit handkle. La instrumentet ligge på handkleet til det er tørt. Alle bølane skal smørast inn med bøylefett (grease) etter vask og ventilane skal oljast. Bruk litt meir enn berre eit par-tre dråpar etter vask.
Trombone: Legg alltid trombona frå deg i kofferten eller på stativet sitt. Pass på at sliden alltid er låst når den ikkje er i bruk. Ein liten kakk på sliden og den vert tung å spele med. Trombona har ingen ventiler som skal smørast, men ein slide. Sliden bør dusjast med vatn og tørkast over med ein mjuk klut som ikkje loer, deretter smørast med slideolje. Beveg sliden fram og tilbake. Bøylar skal smørast med bøylefett (grase). Nokon tromboner er utstyrt med ein kvartventil denne må smørast med ventilolje.
Vask av tromboner skjer på lik linje som andre messinginstrument. Sjå over. Bruk badekar e.l.
Valthorn: Legg alltid instrumentet i kofferten eller på stativ/stol når du ikkje speler. Smøring av ventilane skjer ved at ein skrur av botnskåla på ventilen og legg nokon dråper rotorolje på sentertappen. Visst ein ikkje har smurt instrumentet på ei veke eller to, tømer ein litt ventilolje inni bøylane som går til ventilane. Etter speling må instrumentet tømast for spytt og fuktighet. Dette gjer ein ved å ta ut alle bøylane og tøme dei ein og ein. Tørk av instrumentet på utsida med en mjuk klut som ikkje loer eller riper opp lakken. Skyll munnstykket i passeleg varmt vann etter speling og tørk av med papir eller klut. Ved vask av instrumentet. Bruk ein skurekost berekna for valthorn og før den gjennom røret der munnstykket skal sitje og ut gjennom stemmebøylen. Spyl deretter gjennom med dysjslangen. Ta ut ein og ein bøyle og før skurekosten gjennom og skyll godt. Set deretter bøylen på plass. Hugs å ha på bøylefett.
Generelt for messing: Manglande vedlikehald kan føre til at bøyler og munnstykker set seg fast. Då er det aller best å ta kontakt med instrumentansvarleg. Ikkje prøv å ta laus nokon uten spesialverktøy. Før speling må ventilane sjekkast om dei er tilstrekkeleg smurt. Pass på at instrumentet ikkje står i vegen for noko eller nokon. Hugs at bulken i instrumentet forringer lyden. Unngå inntak av sukkerholdig føde, då det set seg som belegg inne i instrumentet. Instrumentet skal ligge i instrumentkassa når det ikkje er i bruk. Ta vare på instrumentet ditt!
Slagverket
Legging av skinn på trommer
Sjekk at trommekanten og reifen er fri for skarpe kanter. Puss kanten rein med ein mjuk klut og sett den inn med litt parafinvoks. Sjekk at skinnet er heilt og utan svake punkter. Legg skinnet på trommen og legg på reifen. Alle nysmurte strammeskruer set ein på plass (hugs stoppskivene), og trekk til inntil dei såvidt tek. Stram forsiktig, ikkje meir enn ½ omdreining pr. skrue diagonalt i stjerneform rundt trommen. Alle skruane må ein trekke til like mykje (evt. kontrollmål om avstanden fra overkant av reifen til skinnflaten er lik rundt heile trommen). Eit passe stramt slagskinn skal ikkje la seg presse ned meir enn ca. ½ cm på midten, når vi bruker tommelen med ikke altfor stor kraft. Underskinnet på vesletrommen legg ein noko slakkare enn slagskinnet. På basstrommen legg ein det motståande skinnet noko slakkere enn slagskinnet, så lenge det ikkje vert spele med kølle på begge sider av trommen. Et paukeskinn legg ein ikkje strammare enn at pauken gir den djupaste tonen den er beregnet for når pedalen står i slakkaste stilling. Demp det andre skinnet med eit håndkle. Slå med en trommestikke på skinnet langs reifen og juster strammingen til alle anslagspunkta har same klang.
Vesletrommen
2 gongar i året, når skuleåret begynner og før utesesongen tek til, bør trommen demonterast:
Trommen rengjøres utvendig og innvendig med en fuktig klut. Den poleres utvendig med “drum lacquer polish”. Alle innvendige skruer trekkes til. Demperen rengjøres. Dempeskruen smøres med litt vaselin. Skinnene vaskes med mildt såpevann. Reifer og strammeskruer rengjøres. Strammeskruene smøres med litt vaselin i gjengene. Trommen settes sammen igjen (se “Legging av skinn på trommer” over) Seidestrammeren renses og smøres.
Oppbevaring: Lilletrommen skal alltid oppbevares i koffert eller trekk.
Dette beskytter instrumentet mot støv og skader. Ikke legg noe (stikker, bandolær, stativ) i kofferten som kan skade instrumentet. La aldri instrumenter stå nær en varmekilde
Basstrommen (stortrommen)
Sjekk regelmessig at alle strammeskruene sitter tilstrekkelig fast.
Basstrommen skal alltid oppbevares i koffert eller trekk.
Dette beskytter instrumentet mot støv og skader.
Ikkje legg noe (stikker, bandolær, stativ) i kofferten som kan skade instrumentet
La aldri instrumenter stå nær opptil en varmekilde
Pauker
Pauker er et fintfølende instrument og må håndteres med forsiktighet. Pauker skal løftes i stagene. Løft aldri en pauke i reifen. Sjølv ein liten forskyvning av reifen kan gi urein tone. Når paukene forlates, skal pedalene være i midtstilling og beskyttelsestrekket på. Plasser aldri noko oppå paukeskinna. Pedalsystemet holdes rent og velsmurt. Kobberkjelen holdes ren med en ren, myk klut. Skinnene holdes rene og fri for støv, skitt og fingeravtrykk med en ren støvklut.
Oppbevaring av paukene
Paukene oppbevares i et temperert, ikke for tørt eller fuktig rom.
Ikkje legg noko (stikker, bandolær, stativ) i kofferten som kan skade instrumentet. La aldri instrumenter stå nær opptil en varmekilde. Ved transport anbefales solide transportkasser, gjerne foret opp med skumplast slik at de står støtt.
Cymbaler (Bekken og svevecymbal)
Fingeravtrykk og skitt demper klangen. Cymbalene holdes rene med mildt såpevann og børste ( børst med rillene). Dette gjøres minst 2-3 ganger i året. 1 gang i året rengjøres de med “cymbal cleaner”. Cymbaler oppbevares i cymbalbager.
Klokkespel/lyre, xylofon, marimba, virbrafon
Bruk berre dei køllene instrumentet er tiltenkt for. Andre køller kan skade stavene.
Stavene holdes reine med en mjuk klut. Skitne staver klinger dårlig. Demperpedalen smøres om den går tregt eller knirker. Instrumentene oppbevares under trekk når dei ikkje er i bruk. Slå av vibrafonmotoren. Legg aldri noko oppå tastaturet, sjølv ikkje med beskyttelsestrekket på.