Hei Allesaman.
Det er no klart for oppstart av nytt korps år.
Vi startar torsdag 24. August klokka 17:00, for alle! Som vanleg i Festsalen.
Det meste av kulturhuset skal då være åpna.
Øvingstidene vert torsdagar 17-19 som tidlegare, i tillegg vil vi legge opp til gruppeøvingar på tysdagar.
Gruppeøvingane vil være lagt opp for at kvar enkelt skal få meir trening på sitt instrument, slik at korpsøvingane på torsdagane kan nyttast til meir samspel.
Det konkrete opplegget på gruppeøvingane er ikkje heilt på plass endå, vi kjem derfor tilbake til det, men i grove trekk, vil kvart instrument / stemme få ei 45 min øving på tysdagar, i perioden 17-19.
Fyste gruppe øving vert Tysdag 29. August, på Borga
Vi vil i år nytte Spond appen til all informasjon i korpset, for å få ein enkel og ryddig kommunikasjon til medlemane og føresette.
Monge kjenner til spond frå andre organisasjonar og aktivitetar, og vi trur at Spond vil fungere godt til vårt bruk. Spond er heilt lukka, slik at her kan og borna sjølve delta direkte etterkvart.
De som ikkje har Smart telefon, vil motta beskjedane på e-post, og kan svare derifrå, det er og mogeleg å logge på Spond på interveven.
Vi vil og prøve å få til eit foreldremøte i starten av September, og håpar at flest mogeleg tek turen. tidspunkt og stad kjem vi tilbake til.