Bergsøy Skulekorps

Bergsøy Skulekorps

  • Starte i korps?
    • Påmelding
    • Drill presentasjon
    • Instrument presentasjon
      • Baryton/Eufonium
      • Klarinett
      • Kornett
      • Saxofon
      • Trombone
      • Trommer
      • Trompet
      • Tværrfløyte
      • Valthorn
  • Aktivitetskalendar
  • Om korpset
    • Øvingstider
    • Kontakt informasjon
    • Dirigenten vår
    • Korpshandboka 2016-2017
    • Uniforma vår
      • Uniformsreglement
  • Grasrotandel
  • Jubileumsbilder
  • Styre
    • Resurser for Bergsøy skulekorps.

Herøy Treff 2017

24. oktober 2017 Av Ludvik Hjelmeseth

I år som i fjor, er Bergsøy Skule Korps med på Herøy treffet, både som arrangør og som deltakande korps.

Det er også i år lagt opp til eit spanande program med mykje fine aktivitetar heile helga.
Ca  200 musikantar og drillarar er påmeldt frå:

  • Ulsteinvik Musikkorps, (42 overnattande, ink vaksne)
  • Gursken Musikkorps,
  • Åndalsnes- Isfjord Musikkorps, (46 overnattande, ink vaksne)
  • Tjørvåg -Myrvåg Musikkorps, (16 overnattande, ink vaksne)
  • Kvalsvik-Nerlandsøy Musikkorps, (19 overnattande, ink vaksne)
  • Eindalen Musikkorps
  • Bergsøy Skulekorps. (24 overnattande born)

Continue Reading

Nytt Korps år

20. august 2017 Av Ludvik Hjelmeseth

Hei Allesaman.
Det er no klart for oppstart av nytt korps år.

Vi startar torsdag 24. August klokka 17:00, for alle! Som vanleg i Festsalen.
Det meste av kulturhuset skal då være åpna.

 

19141397_1439262042801296_230998285_n

Øvingstidene vert torsdagar 17-19 som tidlegare, i tillegg vil vi legge opp til gruppeøvingar på tysdagar.

Gruppeøvingane vil være lagt opp for at kvar enkelt skal få meir trening på sitt instrument, slik at korpsøvingane på torsdagane kan nyttast til meir samspel.

Det konkrete opplegget på gruppeøvingane er ikkje heilt på plass endå, vi kjem derfor tilbake til det, men i grove trekk, vil kvart instrument / stemme få ei 45 min øving på tysdagar, i perioden 17-19.
Fyste gruppe øving vert Tysdag 29. August, på Borga

Vi vil i år nytte Spond appen til all informasjon i korpset, for å få ein enkel og ryddig kommunikasjon til medlemane og føresette.
Monge kjenner til spond frå andre organisasjonar og aktivitetar, og vi trur at Spond vil fungere godt til vårt bruk. Spond er heilt lukka, slik at her kan og borna sjølve delta direkte etterkvart.
De som ikkje har Smart telefon, vil motta beskjedane på e-post, og kan svare derifrå, det er og mogeleg å logge på Spond på interveven.

Vi vil og prøve å få til eit foreldremøte i starten av September, og håpar at flest mogeleg tek turen. tidspunkt og stad kjem vi tilbake til.

Nye Jubileums bilete

11. juni 2017 Av Ludvik Hjelmeseth

Bergsøy skulekorps har nytt jubileums bilete.

60 års jubileum 2017

Sjå Jubileumsbilder for fleire.

Bli Aspirant

9. juni 2017 Av Ludvik Hjelmeseth

Sjå også fana «starte i korps» for påmelding og meir informasjon om instrument og drill.

  • 1
  • 2
  • Neste side »

Våre Sponsorar:


  • Starte i korps?
  • Aktivitetskalendar
  • Om korpset
  • Grasrotandel
  • Jubileumsbilder
  • Styre

Kopirett © 2025 · Bergsøy Skulekorps · Log in