Bergsøy skulekorps vart stifta 26. februar 1957 og har 60 års jubileum i 2017.
Korpset har i dag både aspirantkorps, juniorkorps og hovudkorps. I tillegg til drill. Korpset er ikkje stort men, vi er i vekst og har per i dag ca 50 medlemmar. Korpset er godt drive og har god økonomi. Det er svært aktivt gjennom heile året, med mange opptredenar og konsertar.
Korpset gir musikantane opplæring i musikk. Hos oss får barnet ditt opplæring av kompetente instruktørar frå kulturskulen, ein gong i veka. Korpset speler ikkje berre marsjar og julesongar, men alle typar musikk; klassisk, filmmusikk, pop, rock, folkeviser, jazz mm. Vi har ein plass til alle og uansett om barnet ditt etter skulekorpstida, vel å spele vidare i vaksenkorps eller ikkje, vil korpset ha gitt barnet ditt gode musikkkunnskapar og mykje speleglede. Samspel med dei andre musikantane på tvers av alderstrinn er òg ei verdifull tilleggserfring.
Kvar haust er det aspirantopptak der det vert teke opp nye medlemmar frå 3.trinn og oppover. Opptak av nye medlemmar frå 2. klasse, vert nøye vurdert etter eleven si motoriske og mentale utvikling. Korpset ønsker å ta inn elever på alle instrument kvart år, slik at ein klarer å ha ei jamn besetning år etter år. I 2. klasse har elevane korps i skulen i 10 veker. Dette er eit samarbeid mellom korpset og grunnskulen. Elevane vert dele inn i grupper etter instrument, der dei får lære om blåseteknikken til instrumentet, lære notar og enkle rytmer kombinert med song og musikk. I slutten av perioda øver alle elevane i lag som eit korps.
I Bergsøy skulekorps rekrutterer vi born i hovudsak frå Bergsøy skule. Men, korpset har òg musikantar frå Gjerdsvika. Aspirantene får tildelt instrument og får undervisning ein gong i veka med. I tillegg til undervisningstimen, får musikanten øving i orkesterdisiplin, rytmer, lytting, og samspel mm i aspirantkorpset. Aspirantkorpset har øving kvar andre veke. Aspirantkorpset varer eit år.
Musikantene går over i juniorkorpset etter eit år som aspirant. Ein speler normalt 2 år i juniorkorpset. Etter 2 år i juniorkorpset går musikantene over til hovedkorpset. Her kan ein vere medlem t.o.m. det året ein fyller 19 år.